Vi drog nedover mot østerike for nokre år sidan når ungane var 6 og 8 år med telt i bilen og reiste uten nokon klar plan. Blir ofte slik med oss, eg lid av uttalt planlegginsvegring... På eit tidpunkt i turen var vi ved inngangen til Ötztal og der kom vi over ei brosjyre for "Ötztal Inside Summer Card". For 135ero for voksne og 81euro for barn kan ein i 7 dagar ta alt av gondolar i dalen (15 i talet fordelt på mange forskjellige plassar), tilgang til to badeland, inkludert eit veldig fancy, bilmuseum, falkeshow, Ötzi-museum, minigolf, leikeland, klatrepark, alt av kollektivtransport, ein dag inkludet sykkelleige (som kan oppgraderast til utforsykkel i Sölden) og veldig mykje meir og da altså uten å betale noko meir for kvar aktivitet.
https://www.oetztal.com/oetztal-inside/inside-cards/oetztal-inside-summer-card.htmlAnbefaler 10-dagers varianten, for det vart kanksje litt vel hektisk å prøve å rekke over alt på berre ei veke...
Etter å ha brukt omtrent tilsvarande for ein tur for familien opp gondolen til Zugspitze tidligare i ferien, så framstod dette som ein superdeal og det var det.Her var det samme sum for ei veke :-) Vi gjekk stort sett på fjelltur med utgangspunkt i gondolar kvar dag, typisk opp til ei eller anna hütte eller ein topp, med nokre kvildagar i mellom. På dei fleste av gondolanlegga er det veldig forsegjorte leikeplassar, miniklatrepark, trampoliner etc som er gratis å bruke. Det var gull for motivasjonen for dei små og braut opp litt mellom all gåinga. Trur det hadde fungert for mykje eldre barn også, fordi dei er heilt rå på leikeanlegg der nede.
Vi budde fast heile veka i fjelltelt på under ein trivelig granlund på Langenfeldt camping omtrent midt i dalføre og det var eit bra utgangspunkt for tur.
Kostnadsnivå:
Ja, det kostar å dra på ferie. Men med å sove i telt, lage dei fleste måltida på primus, kjøre ned med eigen bil og finne gode deals som nevnte Ötztal card så treng det ikkje bli så dyrt. Det er bedre å dra på tur ofte og lenge, enn å bruke mykje pengar sjelden og kort og så klage over at det er for dyrt å dra på ordentlig ferie... Ungane elskar campingplass, og dei til vanlig altfor skjermavhengige trolla sprett ut av soveposen etter å ha lest litt donaldpocket og finn på noko, speler ball, leikeplass, utforskar, før vi i det heile er i gang med frokosten. Terskelen blir så mykje større når dei våknar innendørs. Då er tonen meir "Må vi gjøre noe i dag også, vi gjorde jo noe i går....". Men det gjeld å finne dei riktige campingplassane som er litt koslige og kkje berre overdådige parkeringplassar store vogner og campingbilar. Anbefalar veldig den i Langenfeldt.