Forrige tråd
Neste tråd
Print tråd

Skal kranken vere så dårleg som dette?

Skal kranken vere så dårleg som dette? #2647117 05/02/2021 16:49
Registrert: Apr 2006
Innlegg: 385
torhovl Offline OP
Entusiast
OP Offline
Entusiast
Registrert: Apr 2006
Innlegg: 385
Dette var snodig. Kranken gjekk litt tungt rundt, og eg ville undersøke det. Eg skrudde av venstre krankarm, men då går kranken heilt fint, og kranklageret kjennest bra ut. Det er når eg skrur venstre krankarm på igjen med meir enn bittelitt moment at det dreg seg til. Jo meir moment, jo tregare går det. Det ser ut til at bølgeskiva pressar seg for hardt mot maskinlageret og bremsar det. Har prøvd å flytte bølgeskiva på utsida av denne mellomringen, men resultatet blir det same.

Det er ein Nakamura Big Bob 5.0 med Samox PF30 krank. Ja, sykkelen er frå 2016, og det er lett å tenkje at lageret er gåent, men eg kjøpte sykkelen i august av ein som har brukt den lite. Trur nok lageret med god margin er innanfor normal slitasje, og som sagt kjennest det fint ut når eg tek av venstre krankarm.

Eg likar ikkje sånt, og har mest lyst til å kjøpe ein annan krank, men veit de om ein enkel fiks på dette problemet?

Og kva er ein rimeleg og grei krank eg kan byte til? Kan gjerne vere 1x, men det må vere pressfit. Krankhuset er 100 mm. Er dette dette eg skal ha?

SRAM GX Eagle
SRAM PressFit 30 DUB Fatbike Bottom Bracket Cups

[Linket bilde]
[Linket bilde]
[Linket bilde]
[Linket bilde]


Tor Hovland
Re: Skal kranken vere så dårleg som dette? [Re: torhovl] #2647140 05/02/2021 20:01
Registrert: Apr 2002
Innlegg: 448
Kakachka Offline
Entusiast
Offline
Entusiast
Registrert: Apr 2002
Innlegg: 448
Er ikke rekkefølgen feil?
Skiva skal på utsiden av den svarte avstandsstykket/foringen/ringen eller hva man kaller det og mot krankarmen?

Edit: så nå at du hadde prlvd. Men den skal vel fremdeles være på utsiden. Jeg ville sjekket med fingeren om lageret faktisk gikk rundt eller om det satt fast. Jeg hadde en sykkel hvor det var kommet fukt her og da satte lageret seg på den ene siden av kranken. Det ble bare gradvis merkbart mer friksjon før jeg til slutt plukket det fra hverandre og sjekket. Og det var på en sykkel som ikke hadde gått langt.

Redigert av Kakachka; 05/02/2021 20:08.
Re: Skal kranken vere så dårleg som dette? [Re: torhovl] #2647142 05/02/2021 20:09
Registrert: Apr 2006
Innlegg: 385
torhovl Offline OP
Entusiast
OP Offline
Entusiast
Registrert: Apr 2006
Innlegg: 385
Nei, den bølgeskiva skal presse mot lageret.

Uansett, eg skal bite i meg det om at lagra var i OK stand. Har tatt ut heile kranken no, og eg kjenner at lagra er litt røffe. Synest likevel det er rart at det skal føre til såpass binding, men eg får skaffe nye lagre og sjå. Om det framleis er binding då, må det vere at eg treng smalare avstandsringar.


Tor Hovland
Re: Skal kranken vere så dårleg som dette? [Re: torhovl] #2647186 06/02/2021 14:44
Registrert: Apr 2006
Innlegg: 385
torhovl Offline OP
Entusiast
OP Offline
Entusiast
Registrert: Apr 2006
Innlegg: 385
Ser ut til at det endte med ei lita suksesshistorie i dag!

Eg fekk låne Pressfit-verktøy av Torgeir på jobben, og på Hank Sport fekk eg tak i Pressfit-lager. Ikkje eigentleg til fatbike, men eg veit ikkje kor mykje det har å seie at eg ikkje har ein samanhengande plasttunnel inne i krankhuset. Prisen på kr 659 var ganske drøy, men om det gjer at eg får fiksa problemet allereie i dag, så er det bra.

Lageret passa fint, og kranken passa på sett og vis også, men ikkje med dei originale avstandsringane. Heldigvis hadde eg ein stabel av tynne kranklagerringar i garasjen, og etterkvart fann eg det magiske talet 6. Det gjorde eg ved å ha så mange inni at det vart binding då eg stramte til, og deretter fjerne ein, slik at bølgeskiva gjer jobben. No er kranken solid festa, og den snurrar pent rundt!

Sjølve Samox-kranken ser ut til å vere av god kvalitet, og eg må beklage at tittelen på denne tråden impliserer noko anna!

Synest framleis det er eit lite mysterie at dei originale avstandsringane tilsynelatande brått skulle bli eit nummer for store, men det spelar ikkje så stor rolle lenger no.

[Linket bilde]
[Linket bilde]
[Linket bilde]
[Linket bilde]
[Linket bilde]


Tor Hovland

Terrengsykkel utgis av Fri Flyt AS | Postboks 4767 Nydalen, 0421 Oslo | Tlf: 22 04 46 00
Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Redaktør: Kristoffer Kippernes Utstyrsredaktør: Øyvind Aas
Salg og marked: Alexander Hagen | Daglig leder: Audun Holmøy Røhrt
Nettsiden er utviklet av Fri Flyt Byrå