Møtte på nokre festlege menneske i dag tidleg. Eg stod med sykkel på ei skråning over ein tursti og fekk tilsnakk av ei dame som meinte eg ikkje kunne sykla på stien nedanfor pga. eit rypereir. Det var no greitt det, for det skulle eg ikkje uansett. Ho meinte at det ikkje var greitt å ha hund og/eller sykkel der nede. I verste fall kan ein trilla sykkelen forbi tenkte no eg, so eg såg ikkje problemet (ho hadde sett ein person tidlegare med sykkel der nede - det likte ho ikkje). Det festlege var at medan ho stod der og gav tilsnakk om sykkel, so stod bikkja hennar og gaula og lagde mykje meir leven enn ein sykkel nede på stien nokon gong kunne ha lagd. Men det var no greitt i hovudet hennar verka det som.
Berre ei lita fortelling for dei som vil ha lesestoff. Drøft i veg.
Redigert av Gresskar; 19/05/2020 14:20.