Dekaler under klarlakk er ikkje lett å fjerna med godt resultat.
Rødsprit eller aceton vil ikkje løysa problemet. Barberblad trur eg heller ikkje er lett, eller fører til godt resultat.
Timesvis med pussing og påfølgande lakking vil gjera jobben, men då hadde eg heller kjøpt eit kinasett med limte-, fine- eller uten dekaler.
Aceton er bra på dekaler som er over klarlakk (rødsprit duger ikkje til å ta dekaler). Aceton er forresten ikkje veldig toksisk. Blir brukt i de tusen hjem (neglelakkfjerner) og i stor stil i laboratorier og industri verda over. Ein produserer det til og med naturleg i kroppen.
Mitt råd er å droppa det.