Marin: Det står ikkje noko på lenger, men ramma må vel vera 19".
Marzocchi: Truleg 10 cm vandring (11 cm innerbein). 20,5 cm styrerøyr. Inga returdemping på no, men skal visstnok kunna regulerast inni; har ikkje prøvd. Bør sjåast.
Vogna: Passar ikkje like godt til alle syklar. Må prøvast. Har festewire i to ulike lengder. Kjøparen bør få hjelp av ein god mekanikar til å vogna skikkeleg. (Forresten: Ein av to små gummilappar som skal vera der adapteret ligg an mot krankhuset, manglar. Fekk tilsendt provisorium frå firmaet, men har rota det bort. Ein sykkelverkstad bør kunna hosta opp noko som duger.) Uansett: Kjøparen får returrett -- eg sel berre til dei som kan visa meg at dei har fått festa vogna trygt.
Vogna er berre brukt på nokre solskinnsdagar sommaren 2005, men eg har tydelegvis køyrt oppi ein søledam, for det er ein inntørka sprut på trekket. Elles blir det mindre sprut enn vanleg på ei sidevogn, sidan ho ikkje er bak sykkelen. Vogna er likevel vasstett.
Passar for born frå 1-3 år. Svært smal.
Den største fordelen med sidevogn er at det er lett å kommunisera med barnet. Ein er liksom meir i/på lag. Når vogna er festa skikkeleg, har ein òg meir kontroll i trafikken -- ein lurer ikkje på kva som skjer "der bak".
Pris: 1 800.
http://www.rei.com/product/753239