Etappen frå Smørdalskammen til Kiststeinheia er særdeles nybegynnervennlig. Derfra og ned er det nokre tekniske parti, men ikkje verre enn at det går an å trille for den som er skeptisk. Det er ikkje så mange høgdemeter det er snakk om. Legger du turen om Rasmusåsen så får du færre tekniske parti, men kvaliteten på syklinga er vesentlig dårlegare.
Viss du likar det bratt og teknisk så kan eg anbefale Glomtind, med adkomst frå Rørvik (der vegen til Henningsvær tar av frå E10).
Lofoten har generelt stort potensiale, bare finn eit fjell som ser fint ut og ta med sykkelen dit. Morenemassar og karrig klima gjer at du mange plassar fint kan sykle sjølv om det ikkje er sti: