Det er mykje anna enn drop som er avgjerande.
Balansen og posisjonen på sykkelen er like viktig. Flytter du for eksempel setet for langt fram kan vektfordelinga bli heilt feil, og du vil kunne oppleva sykkelen som ukomfortabel uansett høgden på styret. I staden for at vekta kviler på setet blir det armane som må halda oppe vekta av overkroppen. Lengden på stemet er også viktig. Eit langt stem med lite negativ vinkel vil gi høgare posisjon på styret, men sjølvsagt lengre avstand til styret. Avstanden frå setespissen til styret blir derfor noko du kan vurdera mellom ulike syklar, saman med horisontal lengde mellom senter krank og tuppen av setet. Kortare avstand fram til styret er forresten ikkje alltid det mest komfortable.
Syklar som blir "sett opp" komfortabelt er ofte ikkje noko god ide. Om ein må bruka korte og bratte stem med ein stabel spacere vil du truleg få ein sykkel som ikkje oppfører seg slik den var tenkt frå den som konstruerte den.
Om 5 cm er mykje eller lite er heller ikkje mogleg å sei noko om. Eg sit komfortabelt med 15 cm drop, men er ein lang slamp.