Ser ut til å bli ein slags bilferie i sommar. Kunne tenkt oss å køyre nordover, kanskje heilt til Lofoten, men reisa blir litt på sparket når ferien startar og været vil spele inn. Dette er flaut, men har faktisk aldri vore nord for Oppdal i mitt liv sjølv om eg nå bur på Sunnmøre. Somrane siste åra har vore i Trysil, men usikkert kva som skjer der i sommar og kor lurt det er å stikke dit om det er mykje folk.

Så kva gjer me om me tek bilen nordover og har eit par veker til rådigheit? Ungane er 6 og 3 år. Eldstemann syklar fint sjølv, treåringen er på veg mot trøsykkel, men har ein mac-ride i bakhand evt balansesykkel. Me tek med stisyklar og eigne syklar til ungane og er fleksible ang overnatting. Både telt, hytte og hotell (om det er åpent) er aktuelt. Kor finn me fine sykkelplassar/stiar på veg nordover, evt andre ting som er artig å ta med ungar på (likar både fjellturar, leik i fjøra og generelt å vere i aktivitet)? Målet er ikkje å kome så langt nord som mogleg, sitte-i-bil-ferie er ikkje kult for kidsa, så om det blir 70 eller 250 mil totalt er ikkje det viktigaste.

Eg går breidt ut og håpar nokon kan hjelpe meg å snevre inn!


Don´t die without scars.
More speed, more airtime, more fun!