Litt meir konkrete opplysningar, om nokon skulle vera interessert i det: Eg bestilte ei slik bukse, utan padding, i str. L. Eg er 183cm lang, 73kg, og har 90cm lortfall (målt frå gulvet utan sko). I jeans bruker eg 32" livvidde (som er romsleg) og 34" beinlengde. Etter to turar kan eg melde at Endura-buksa i str. L var passe rundt livet, ganske tight ellers, spesielt rundt låret, og litt for kort i beina. Eg trur det er beinlenga som gjer at buksa kjennest trang fordi eg prøver å strekke ut buksa slik at ho blir lang nok.
Dette plager meg ikkje så mykje at eg ligg vaken om natta og tenker på det, men nok til at dersom nokon har kjøpt ei slik bukse (utan padding!!) i str. XL og ynskjer å bytte i L er eg heilt open for det.
Forøvrig ser buksa greit ut.
Det ser ut til at størrelsestabellen Bikeshop har på sidene sine er relativt korrekt, men det kunne gjerne vore opplyst om beinlengde.