Ein post som eigentleg høyrer heime i eit bilforum. Me har akkurat kjøpt ein Caravelle, men ville helst ha multivan pga golvskinner som setene kan flyttast på. Etter å ha lese på forum i England er det fleire der som sett inn golvskinner i bilane sine. Me har altså ein lang caravelle og vil ha golvskinner frå ein kort multivan då lange skinner ikkje er å få tak eller veldig dyre.
Det eg lurer på er om nokon har gjort dette eller kjenner nokon? Skinner og montering kan eg få fiksa, men usikker på om vegvesenet vil godkjenne bilen. Det blir ikkje endring i antall seter so skulle tru bilen kunne bli godkjent.


Vegard Voll Bøyum