Stiane her i området har fått si eiga betegning, Sunnfjordflyt. Grovt, bratt og teknisk, jamt over ein fordel å ha nokonlunde gode ferdigheter. Generelt sett er stikvaliteten betre i Nordfjord og Sogn enn i Sunnfjord. Terreng speler ein stor rolle men og jordsmonnet er annleis og tynnare her noko som gjer at det fort blir grovt.
Du finn stiar på Trailguide både i Førde, Naustdal og Jølster, desse er fine men ikkje av same lengde som det du finn for eksempel i Sogndal, Sandane eller Stryn.