Hoi
Dreiv og rydda i kryp/potetkjellaren her i huset og førre huseigar har sett igjen ein sykkel. Peugeot Equipe, antakeleg frå midten av åttitalet ein gong. Damesykkel, type ikkje racerversjon. Tre navgir.
Rykta vil ha det til at det var ein premie eller liknande og at den aldri vart brukt. Den framstår så og seie ubrukt også, med originale klistremerker etc på, dog har den ikkje blitt blankare av å stå i ca 35 år i kjellaren her. Overraskande nok, tok framleis dekk/slanger luft.
Eg hadde eigentleg tenkt å kaste den på dynga, men så begynte eg å tenke litt på om dette var verdt noko.
- Nokon som veit noko om dette har verdi, og i tilfelle, ca kva?
(fleire foto i vedlegg)
![[Linket bilde]](https://www.terrengsykkelforumet.no/ubbthreads.php?ubb=download&Number=117789&filename=IMG_20200808_174424_2.jpg)