Hepp
I lengre tid (sidan i haust) har bilen min, ein ford mondeo 2009 1.8 tdci (diesel) hatt funky startproblem.
9 av 10 gonger startar den på første forsøk og alt er honky dory. 1 av 10. Not so much.
Når den ikkje vil starte, startar motoren litt, men stoppar så og seie med ein gong. Trille i gang fungerer heller ikkje i dei tilfella. Etter ei tid startar den. Det kan også fungere å gi opp, gå inn og lage seg ein kopp kaffe, drikke kaffen, gå på dass, og så prøve igjen. Då kan den plutseleg starte som vanleg igjen -på første forsøk.
Bilen vert ikkje brukt dagleg og det skjer aldri om bilen har blitt brukt samme dagen, og skjer typisk om den har stått eit døgn eller lengre.
Når den først har starta, går den alltid heilt fint, med eit par unntak:
Enkelte gongar rykker det litt om eg har vore av gassen og så går på gassen igjen (drivstoff kuttar når ikkje gass).
Ved eit tilfelle i 8km undersjøisk tunnel, rykka det det ganske mykje i bunnen då eg skulle gi gass igjen og motoren hadde nesten ingen kraft. Måtte gire ned og ned og til slutt stoppa bilen opp og motoren stoppa. Etter eit par -fem forsøk, starta bilen igjen og resten av turen var normal.
Symptoma er der uansett fyllingsgrad på tanken.
Mistenkte først vatn på tanken og spelte symptoma og mistanken min inn til verkstad. Dei skifta drivstoffilter og putta kondensfjerner på tanken. Null effekt.
Tatt opp video som demonstrerer ganske godt. (Nei, eg gadd ikkje vente for kvart tenningsforsøk på at glødetrådlyset skulle slå seg av).
Video av dagens startproblemViss nokon har ein ide om kva dette kan vere, er eg takksam!
PS: det er ikkje batteriet.