Først av alt, tusen takk til arrangøren som steller i stand eit så flott evenement for oss som er glad i denne sporten - det er ikkje noko eg ville gitt tips om at kunne blitt løyst på ein annan måte. Det toppar seg med fri cola- og kanelsnurrbar i mål

Men eg stiller heller spørsmål til nokre av deltagarane, og spesielt dykk som konsekvent ligg på venstesida av gulstripa nedover langs Eikeren. Sikkert problemfritt for dei som har tatt bolig der, men dykk lagde to velt når dykk kasta sykkelen inn til høgre når vi møtte bil!!! Og når dykk i tillegg ikkje er der for å avansere i feltet, men berre ligg der "for å vide ut bredda" har eg store problem med å ikkje sjå etter negative adjektiv. Ein ting er å foreta ei forbikøyring på ei rettstrekke, men å konsekvent ligge der for så å stupe inn til høgre er ikkje god latin i mi bok. Eg var heldig langs Eikeren, og eg håpar dei som ikkje var like heldige som meg har det bra no og er utan varige krigsskader.
Om det er nokon her som føler eg snakkar om dei vil eg gjerne høyre ditt gode argument for korleis du oppfører deg i felt. For meg gjer det berre opplevinga av rittet ein god del mindre positiv, og for sykkelsporten generelt gir det berre dårlig reklame. Om ein av dei førarane som måtte kaste bilen ut i grøfta da vi møtte dei uttaler seg mindre positivt om syklistar generelt i kveld kan eg faktisk forstå han eller ho ganske godt. Det var nok ikkje 40 syklistar i feil køyrebane føraren tenkte når han såg varselskilta arrangøren hadde sett ut (igjen, plusspoeng til dei!).