Eg har hatt problem med Campagnolo EPS på min sykkel ei god stund no, og ville høyre med dere på forumet om hjelp. Byrjar å bli rimelig lei og oppgitt over dette.
Det er mykje info her, men prøver å oppsummere så ryddig som muleg.
Eg kjøpte sykkelen med EPS (super record v1) brukt. Den er no utanfor garanti hos original salgsbutikk. Eg fekk etter kvart problem med at det blei stadig vanskelegare å skifte til lettare gir på bakgiret, heilt til dette slutta å fungere, dvs sjølv om hendelen haldes inne skjer det ingen girendring. Merk at hendelen fortsatt girer til tyngre gir utan problem. Då problema starta blei det verre når det var kaldt og vått, før det slutta heilt å fungere, sjølv om det var tørt og varmt ute.
Etter å ha kjøpt ny hendel fungerte plutseleg giret igjen, men har no slutta å fungere enno ein gong (hendelen girer fortsatt til tyngre gir utan problem).
Koblinga til bakgiret har blitt tørka (det er altså ikkje vatn/fuktigheit e.l. i den no) + sykkelen har stått innandøyrs i fleire månader.
Alt har blitt skifta ut, med unntak av bakgiret (framgir er bytta fordi det dreiv og kasta kjedet over kranken, batteri/dti er oppgradert til v3. Hendler og framgir er no record, mens bakgir er SR). Systemet har hatt reset i butikk. Kobling til bakgiret har blitt teipa, utan endring. Eg har gått gjennom feilsøkingprosedyren til Campa. Det er ingen feilkoder på systemet, og ingen teikn til skade på ledninger.
Eg har vore i kontakt med Spinn i Oslo, som har vore veldig hjelpsomme, men dei har ikkje lause komponentar, slik at vi ikkje får prøvd på eit nytt bakgir eller ein ny hendel og sjå om det løyser problemet. Racing Depot (importør), kan/vil ikkje låne ut komponenter til feilsøking. Eg har fått vite at eg må Campagnolo Service Center (i Danmark!) for å kome vidare med den prosessen

Eg føler eg no har prøvd alt og einaste mulegheit er å prøve på nytt bakgir/hendel, men det er for dyrt for meg å kjøpe komponenter i blinde, spesielt når eg ikkje ein gong veit om det vil løyse problemet. Er det nokon som har EPS-komponenter som det hadde vore muleg å koble på mitt EPS-system for å feilsøke? Eller andre idear til kva eg kan forsøke?
Takker for all hjelp.