Hehe, joda. Fergakaia på Vikran er gjort om til fiskecamp for tyske turistar. Prosit! Den undersjøiske tunnelen mellom Kvaløya og Malangen vart opna i 2011. I utgangspunktet var det ikkje lov å sykle gjennom han, men det vart heldigvis gjort om i 2013 etter press frå ressurssterke hyttefolk (sykkel er den nye golfen etc). Og ikkje nok med det. Dei plasserte også skilt med blinkande lys som varsler om syklistar og refleksvestar som du kan kle på deg i tilfelle du køyrer heilsvart Rapha-stil. Men då kler du vel neppe på deg refleksvest. Fin tunell å sykle gjennom. Har opna opp for fleire rundturar for oss her i nord, mellom anna turen rundt Malangen som er veldig fin.
Ser forøvrig ut som ein fin etappe. Ikkje sikker på kor mykje stigninga opp til Finnvikdalen vil skille. Stigningsprosenten lyger litt. Her er profilen:
https://www.strava.com/segments/1743766Elles skal dei jo over nokre gode kneiker i Tromsø sentrum på siste etappe. Kan bli ein like bra finale som sist dei gjesta byen. Og Tromsø skaper jo ei flott ramme for sykkelløp. Minner om ein skitten belgisk eller nederlandsk hamneby om våren. Berre med fjell og edruelege folk langs løypa.