Eg leita ei stund etter beltespenne som fungerte bra. Enda opp med variant som sklir enden gjennom spenna og låser trinnlaust. Eg hadde ikkje tilgong på symaskin, men på neste versjon skal eg sy skinn på baksida av dekket. Lagde det i 2008 trur eg, men sleit meg til slutt gjennom gummien på baksida og kom inn på "tråden" ytterst på dekkantene. Har ikkje brukt det på ei stund, men skal sjå om eg finn det i skuffen.
I prinsippet skar eg berre av kantene på eit Vittoria clincherdekk, til ønska bredde. Klemte på spenne og stålavslutning i andre enden.
Husk at eit landeveisdekk er tjukkare på midten, det vil ha betydning om du går for eit design som krever bretting/liming av dekket.