Så vart eg sitjande med to titanrammer. Pga. ein feil med girøyret har denne ramma vore sendt attende til produsenten for feilsøk og oppretting. Mens eg venta, bestilte eg ei anna, og sjølv med førtiårskrise er det litt i overkant med to toppsyklar i titan. Dermed er denne til sals. Heilt ny og ubrukt.
Modellen det er snakk om, er
denne - ein brillefin komfortracer for norske menn med gjennomsnittleg kroppshøgde. Stack: 57,6 cm; reach: 38,4 cm.
Særs lekker og spesiell lakkjobb («reveal»), med børsta titan som kontrast i fronttriangelet. Gaffel, setepinne og styreframspring er lakkerte i same finish som sjølve ramma.
Det som følgjer med:
– Echo ramme, 56 cm
– gaffel (fullkarbon)
– styrelager
– setepinne (karbon)
– setepinneklemme (titan)
– styreframspring, 110 mm
– tre stk. girøyre frå ein ikkje-feilprodusert batch
12 000 kr