Er nysgjerrig på kva for styrketreningsopplegg folk satsar på. Søking på forumet funkar dårlig frå maskina mi i dag, så beklagar om det finst ein lik tråd. Tenkte ihvertfall at det hadde vert interessant med ein tråd der ein deler sitt/sine treningsopplegg for (basis)styrke, og evt kva for mål ein har med treninga si.
For min eigendel har eg mine gode og dårlege periodar med styrketrening, men ligg stort sett på ca 3 styrkeøkter i "gode" periodar (kontra null i ubrukelige periodar).
Eg trenar på ingen måte styrke for å bli god på sykkel, både sykling og styrketrening gjer eg dels fordi det er gøy, men mest for å halda meg i brukbar form (og fasong!).
Har ein stad imellom 1 til 3 økter med sykling/springing ila veka i tillegg til styrke. Trenar kardio på dagar der eg ikkje trenar styrke.
Har brukt tech nutrition sitt "Release your potential"-program ein del (
www.tn.no) (fullkropp, 1-splitt), og er nøgd med det. Dei siste mnd har eg nytta eit basic 2-splitt program som ser slik ut:
Dag 1:
Knebøy
Benkpress
Markløft
Dips
Mage (planke i slynge og ulike medisinballøvelsar, både crunches/sit-ups og siderotasjonsøvelsar)
Dag 2:
Knebøy
Militærpress
Foroverbøyd roing
Hang-ups
Mage (planke i slynge og ulike medisinballøvelsar)
Dei første vekene kjørte eg 3 sett m/ 12 reps, for så å kjøra nokre veker med 3 sett m/ 8 reps, og dei siste vekene 3 sett m/ 5 reps (gjeld ikkje for hang-ups, dips og mage).
Vurderar no å gå i kast med eit 3-splitt program som eg brukte eit par år tilbake:
Dag 1: Overkropp
*Benkpress - 3x8
*Chins - 3xmax
*Omvendt roing (liggende chins) - 3xmax
*Foroverbøyd roing - 3x8
*Pushups - totalt 30 reps, øk med 5 hver gang. (eller andre tall alt etter hvor i landet du ligger på pushups)
*Pallof press 3x5-10
* Dips 2xmax
*Magerulle 3xmax
Dag 2: Underkropp
*Pullthrough - 3x10
*Markløft - 3x8
*Knebøy/frontbøy - 3x8
*Utfall bakover fra boks - 3x8
*Nordic hamstring - 3 sett(prøv å øk litt for hver gang)
*Planke
*Sideplanke
Dag 3: Fullkropp
*Markløft - 3x8
*Bulgarsk utfall - 3x8
*Chins - 3xmax
*Omvendt roing - 3xmax
*Militærpress - 3x8
*Pushups - følg progresjonen fra dag 1.
*Planke
*Magerulle