Har hatt det motsatte problemet av trådstartar, blir sykla i frå men kan gruse same person på løpinga. Kor langt er typisk eit Stravasegment på løping? Ligg det rundt 5k eller kortare har eg følgjande erfaring:
1. Ingenting får opp forma betre enn konkurransar, bur du i Osloområdet er Sognsvann rundt medsols glimrande(
http://sognsvannrundtmedsols.no/)
2. 400m intervall, mellom 8-10, heilt ned på vanlig pust mellom intervalla og konsentrasjon på å løpe effektivt OG raskt. Når intervallet er såpass kort kan ein våge å ta i utan å kollapse.
3. Ved såpass "korte" distansar er det overraskande kor andpusten du kan tåle å vere, eksperimenter med å ligge å dytte på grensa til å "miste" pusten, særlig på raske flate løyper kan dette vere nyttig, ein blir ikkje så lett i sur i beina som i sykling.