(Inga 'ing'-ending, nei.)
Eg renoverer kjøkenet, og skal byte ventilator.
Det har vore ein 'vanlig' ventilator med vifte der, men det har komme med for øyra at det er kun passive (mekaniske) ventilatorar som er tillate, grunna at det er 24 rom (12 kjøken, 12 bad) som er tilkopla felles ventilasjonssystem, som har ei vifte på toppen av huset.
Problemet er at det er utrulig dårlig avsug i denne sjakta, så eg fryktar ein passiv ventilator har tilnærma same funksjon om ingen ventilator, og tenkjer difor gå for ein ventilator med kolfilter, som bles lufta ut i rommet igjen.
Kva meiner forumet om denne løysinga?
Eller er litt avsug betre enn kolfilter? Suget i ventilatorholet (som er 12x12cm) er sånn at det akkurat klarar halde eit heilt slett A4-ark oppe.
(Tenkjer forresten å kjøpe ventilator frå IKEA. Billig, og ser grei ut. – Erfaringar å hente på dei ulike modellane?)