Eg nyttar arbeidsgivar og burettslag som "innfallsport" for å spørje etter prisavslag. Eg har til dømes 40-60% på dekk hjå to ulike forhandlarar via jobb, 15-30% på byggevarer hjå nokre forhandlarar, og 10% på timepris og 15% på "hardware" hjå den lokale røyrleggjaren.
Så når eg er innom å handlar så spør eg ofte om enten A eller B har noko form for avtale, og då endar eg ofte opp med å få % avslag uavhengig av avtale eller ei.
Hjå Geitanger bygg får eg 25% på alt av byggevarer, og hjå ein verktygrossist får eg som regel verkty til innkjøpspris utan noko form for avtale..

Så, ja. Det lønnar seg som regel.
Eg skulle kjøpe nytt 9X-bakgir til utforriggen for nokre månadar sidan, men fekk meg eit X0 for (nesten) same pris.. "Kor mykje vil du betale?" var spørsmålet får seljaren.. Eg tenkte tilby 1 000,-, men før eg fekk sagt det høgt fekk eg spørsmål om 900,- var ein grei pris.