Her er ein liten tabell (Shimano 7900)
Type kassett til venstre, dei to siste ringane til høgre.
11-21 19-21
11-23 21-23
11-25 23-25
11-27 24-27
11-28 24-28
12-23 21-23
12-25 23-25
12-27 24-27
Sjølv starta eg med 53-39 framme og så 11-28 bak.
I år har eg kompakt 50-34, med fyrst 12-27 for så å skifte til 11-28. Likar best 11-28, taklar bra fart litt over 60 km/t og med 28 bak kan eg sykle roleg opp brattare enn 7%. Det siste gjer at eg kjem meg fram her på vestlandet utan å sprenge meg heilt. Kroppsvekta er 90+.
Som andre skriv, kompakt framme og 11-28 kreve noko tilvenning i måten å gire på. Eg merkar at eg brukar storeskiva framme litt meir enn før, og ved byte til lita framme i slakare lende, klikkar eg meg ned eit eller to gir bak for å ikkje få for store sprang.
Eg har god "toleranse" i kadens, så eg jamnar ut spranga i gira med det.
Redigert av VetlePetter; 19/05/2010 09:33.