Gode internasjonale forum er kanskje staden for å plukka opp mest interessante ting, og evt nokre bloggar.
Ulempa er at det ofte kjem fleire spekulasjonar og rykter som berre er tull, men informasjon om nytt utstyr er som regel omtalt lenge før produsenten bekreftar at noko er på veg. Sykkelsidene og blader kan stort sett ikkje basera seg på spekulasjonar, men må ha pressemeldingar og presentasjonar før dei kan skriva om ei sak. Eit sykkelblad er ofte månader etter eit forum.
Slowtwitch, weightweenies, mtbr, fairwheelbikes er eksempel på aktive forum. Slik som her på forumet er det litt meir krevande å sortera informasjonen, og vurdera tyngden av det ulike brukarar meinar. Det kule med mange forum er at enkelte produsentar og representantar frå bransjen kjem inn og bekreftar og oppdaterer tidleg i prosessen sjølv. Zipp, Lightweight, Serotta og Cannondale er eksempel på produsentar som er flinke på å delta direkte eller meir indirekte i diskusjonar om eigne produkt.
T