Vil slå eit slag for
DMT , har 2009 modell med 3 velcrostropper. Passform er ikkje ulik Sidi, men sit endå betre rundt helen, litt mjukare gummi i yttersålen og stivare såle. Sidiskoa mini blei tøffelmjuke når dei var våte, ikkje noko problem med DMT. Har tidlegare hatt Shimano, Sidi og prøvd Specialized.
Skoa er meir diskret enn Sidi tykkjer eg, min modell liknar årets Marathon. Kjøpte mine på Sportslageret i Oslo, prismessig ligg dei midt på treet.