Vekt skal du ikkje bry deg så altfor mykje om. Sykkelen din vil nødvendigvis tyngre med enn utan tempobøyle – og likevel raskare!
Poenget med tempobøyle er at du kan få ei svært aerodynamisk sitjestilling med ein viss grad av komfort. Altså skal du leggja vekt på komforten når du vel bøyle. Eg har brukt tre ulike typar, og skilnadene mellom dei kan vera ganske store.
Blant dei tinga som skil tempobøylar frå kvarandre, er kor justerbare dei er. Dersom du kjøper ein som er lite justerbar, må du sjølvsagt vera sikker på at du får ein som passar. I denne kategorien finst f.eks. den fantastiske C3-bøylen til Syntace. Alternativet er noko som er veldig justerbart. Så langt eg veit, er Deda sine blant dei aller mest universelle. Deda Clip One er eit trygt kjøp. (Clip Black er i all hovudsak det same produktet, berre litt lettare og laga av plast i staden for metall.)