På grunn av skadar og omprioritering har eg tankar om å selja den fantastisk fine triatlon-/temposykkelen min, ein Blue T-16. Sykkelen vart bygd opp i løpet av hausten/vinteren 2008–2009 og er pent brukt i ein sesong.
Ramme2008
Blue T-16 i medium
Dette er modellen Blue hadde før den styggdyre Triad-ramma tok over. Mens Triad-en har rykte på seg for å vera «overstabil», er T-16 noko «livligare»; den oppfører seg meir som ein vanleg racersykkel, er kjapp og lettsvingt og dessutan responsiv i klatringar. Likevel kjennest den trygg nok til at du godt kan setja deg opp utan å halda hendene på styret.
Hovudtriangelet er i aluminium, baktriangelet og framgaffelen i karbonfiber. Ramma har smale, aerodynamiske røyrprofilar, og bakhjulet er godt skjult av seterøyret. Den har festepunkt for to flaskehaldarar, ein på underrøyret og ein på seterøyret.
Den aerodynamiske setepinnen har Blues spesielle «halo»-innfesting. I praksis betyr det rikeleg justeringmonn både framover og bakover (i tillegg til opp og ned, så klart). Få rammer gir høve til like framoverlent sitjestilling (med riktig knekk i hofta) som den du kan oppnå på denne.
«Stack» er 513 mm og «reach» 395 mm (omtrent som på Cannondale Slice i 54 cm). Dette vil såleis vera eit ypperleg alternativ for syklistar som finn seg til rette på 54 cm-rammer i klassisk geometri. Sjølv er eg 178 cm, og med 110 mm styreframspring sit eg perfekt, om enn litt for langt fram til at sitjestillinga er godkjend etter UCI-reglementet. Dersom du er ute etter ei bratt sitjestilling til triatlonbruk, bør du nok ikkje vera så mykje over 180 cm før denne sykkelen blir i minste laget. Skal du derimot køyra UCI-ritt, kan du sikkert vera noko lengre og likevel finna deg til rette på denne sykkelen. Slik sykkelen står no, har den 3–4 cm med avstandsringar over styreframspringet. Gaffelrøyret er med andre ord ikkje saga kortare enn at dei aller fleste (også dei som ønskjer å sitja meir oppreist) lett kan gjera dei nødvendige tilpasningane av sitjestillinga.
CockpitProfile Design Cobrawing basebar, 42 cm, karbon
Syntace C3 tempobøyle, medium
Profile Design Lava OS styreframspring, 110 mm
(Eg har også eit Thomson X2-framspring som er 10 mm kortare.)
Fi'zi:k Arione Tri sete
Drivverk10-delt Campagnolo
Krank: Centaur Carbon Ultra Torque, 53/39, 172,5 mm
Kranklager: Record Ultra Torque
Bakgir: Centaur Carbon «short cage»
Framgir: Centaur «braze-on»
Skiftarar: Record (temposkiftarar)
BremserProfile Design QSC hendlar, karbonfiber
Shimano Ultegra bremser
(På grunn av løysemekanismen passar Shimano-bremser betre enn Campagnolo sine på eit tempo-/triatlonoppsett.)
_______________________________
Alle delane er så godt som nye. Hjul følgjer ikkje med.
Bilde vil koma etter kvart.
Pris: 12 000 kr