smak og behag..
Mine eigne erfaringar:
Fordelar med klikk:
-Meir kontroll over slagete terreng/steinrøys. (kan "løfte" sykkelen/ full kontakt med sykkelen for input og retningsendring)
-Betre tråkk
-Betre kontroll i vanskeleg terreng oppover. (løfte bakhjulet over hindringar)
-Trygghet i høg fart. (ramlar ikkje av.. kan være både pluss og minus)
Ulemper med Klikk:
-Stress å klikke seg innatt dersom du har tatt ut foten i ein sving eller liknande
-Kan føle seg usikker på glatt føre pga at ein sit fast.
-Holdbarhet.. (før, når eg kjørte flats, skifta eg pedalar ein gang i året. går igjennom 3-4 par klikk i året)
-Stress på vintersykling når pedalane isar seg til.
-Skade(?).. Tok sjølv bakre korsbånd og menisk i sommar pga stein mot kne, samtidig som foten satt fast.
-Får ikkje bruke deeeilige FiveTen sko.
Fordelar med flats (og fiveten):
-Meir agressiv kjøring i svingar pga at foten kan settast i bakken på eit nanosekund dersom du glir.
-Enklare å byttelåne utforsykkel. (hehe)
-Muligens meir "guts" i bratt terreng, sidan du enklare kan trykke på "eject". (dette føler eg dog ikkje sjølv)
-Slepp å tråkke rundt i skogen på svaberg o.l. med ein klønete metallbit under tåa.
Ulemper med flats:
(stort sett det motsatte av fordelane med klikk).. men i tillegg:
-Smertefulle møter mellom skinnlegg og pedalpiggar.
Har hatt skadeavbrekk sidan august, og har no hatt to turar siste dagane på flats og fiveten, og kjem til å konvertere til flats på alt anna enn rein XC/trening.