Videoen er absolutt ikkje ille den.
Som ventle er inne på; litt meir konsekvent bruk av overgangseffektar.
Du kan forsøke å bruke "svart klipp" når du ikkje flyttar kamera, men hoppar i tid (f.eks. om du forsøker på hindringar på nytt), og fading når du har flytta kamera til ein ny "spot". (Eg tykkjer forresten dei svarte hola var passe lange.. Kor lange er dei? Kortare enn sekundet, vel..?)
Klippinga stemmer bra overeins med musikken (takt-/toneending når du "trør til"). Eg likte absolutt ikkje musikken, men då det er så personlige preferansar, så kan eg ikkje akkurat kritisere deg for det.
