Eg har meir eller mindre same problem som deg på ein Oro K18; bortsett frå at eg klarar pumpe opp trykk. Problemet er at trykket forsvinn ila. nokre sekund (5 til 20), og eg må pumpe enda ei gong. Litt etter litt måtte eg pumpe meir og meir for å oppretthalde trykket..
Eg lufta bremsen to-tre gonger, og endte opp med godt resultat. Men etter kort tid var den like dårlig igjen. Fekk ein sykkelverkstad til å gjere det, og der var resultatet akkurat det same, så eg utelukkar luft i systemet. (Som fleire i utgangspunktet mistenkte..)
Me gjekk over kaliper, hendel, slange, koplingar og pakningar utan å finne noko teikn på lekkasje.
Har no levert bremsen inn på verkstad for å få den gjennomgått (innvikla historie; hadde klart det sjølv), for komplett gjennomgang. Ventar på svar på; men vil tippe det er pakning i hendel/stempel som er årsaka, i form av at stemplet ikkje klarar presse bremsevæska ned i slangen skikkelig. Det som og er merkelig (både eg og verkstaden opplevde det), er at ein ved lufting ikkje klarar presse bremsevæska frå kaliper opp til hendel, men det går fint andre vegen..