Hei!
Eg er frykteleg i tvil om korleis størrelse eg skal kjøpa sykkel i. Er 174cm høg, og då ser eg at M ofte blir anbefalt. Aktuelle syklar er bla Canyon Nerve XC W og Commencal Meta 55.2. Er redd for å kjøpa for stor sykkel, og at den skal bli vanskeleg å håndtera. Så lurer difor på å kjøpa str S. Kva er fordelane med liten og stor ramme?
Sykkelen skal hovudsakleg brukast til stisykling i Bergen... men det er ein fordel at det går lett oppover og. Kan Canyon sykkelen bli for pinglete til Bergensstiane?
Nokon som har andre forslag til syklar som er bra for mitt bruk? Eg har berre sykla på hardtale til no, og er lei av å gå over dei mest steinete partia.. så no er det på tide med fulldempa:)
Fint om nokon kan hjelpa meg

-Silje