Hushovd har brukt Quarq dei siste par vekene, ellers er det vel ganske få som har førstehandskjennskap til det systemet. Skulle vera klart i fjor, men Probike melder no at mars er leveringsdato på Quarq.
Nokre tusen billegare enn SRM, men antatt pris er fortsatt ca 12500 for Quarqen, i tillegg til computer og krank.
Wattmålaren (spindelen) er berre 155 gram, og i tillegg kan ein trekka frå vekta på den originale spindelen som ein monterer av. Kompatibelt med ant+ og dermed Garmin 705. Stort sett SRAM, FSA og Rotor som har kompatible krankar så langt.
Det er jo eit steg framover i forhold til ERgomo og SRM: Her vil ein kunne ha langt større frihet på krankar, drev etc enn å vera låst til ein komplett krank, også meir praktisk ved evt service. Håpar berre at det er eit robust produkt.