Etter å ha fått bekrefta at pilotprogrammet til Felt faktisk ikkje var ein aprilsspøk, på tross av datoen for publiseringa, så treng eg eit par pedalar. Eg har aldri heilt klart å bli venn med spd pedalane mine når eg sykler på sti, og har derfor vore fast bestemt på at min nye sykkel skulle utrustast med flatties.
Så derfor kjem spørsmålet; kva butikkar i Oslo har eit godt utvalg av dette? I første rekke er det pedalar eg treng, men eg kan godt tenka meg å kjøpa sko òg, dersom eg finn noko eg liker.
Er det eventuelt veldig mykje bedre pris å handla dette på nettet? Dersom prisforskjellen ikkje er så står, så er eg blandt dei som er villig til å betala litt ekstra for å ha ein butikk å gå til dersom eg treng hjelp eller assistanse.