Chainsuck viser seg å vere eit problem på GF X-Caliber-ramma mi. Sidan det er ein 29er, er det spesielt trangt mellom krankhjula og kjedestaget. Eg har difor lyst til å forsøke med ein lenger kranklageraksel. Både ISIS og firkant er interessant (ikkje Octalink). Lageret kan godt vere utslitt, for i fyrste omgang vil eg berre sjekke om det løyser problemet.