Det var nok fordi posten fant en kvittering da de åpnet pakken din.
Nei, faktisk ikkje. Pakka var merka utan pris på innhaldet, så eg måtte faktisk senda ei kvittering til posten, for å visa kva eg hadde betalt for dei. Eg kunne jo sikkert då ha kokt i hop ei historie om at eg hadde vunne desse t-skjortene, men sidan dei skulle ha kvittering på kjøpet, så måtte eg vel ha hatt ein "kvittering" på at eg faktisk hadde vunne/fått desse skjortene. Eg må vel nesten leggja til at dette var rundt 10 t-skjorter, så det er vel kanskje ikkje så sannsynleg som ei gave...
Verdien kan dog ikke være over kr. 1000,-
Da blir det mva, men nødvendigvis ikke gebyrer
Er du sikker på dette? Er ikkje denne verdigrensa berre 200 kroner? Det var jo valgflesket til Kristin Halvorsen før stortingsvalet at denne grensa skulle setjast til 1000 kroner, men dette "gløymde" jo ho, straks ho var i regjeringa...
Uansett, for å svare på spørsmålet i topicen; dersom det kan dokumenterast at desse solbrillene er ein gevinst, så skal det ikkje vera problem i heile tatt. Og det er jo heller ikkje sikkert at pakka vert luka ut til kontroll heller...