Forrige tråd
Neste tråd
Print tråd

Sykling i Sunnfjord og Sogn...

Sykling i Sunnfjord og Sogn... #306858 14/07/2006 23:05
Registrert: Feb 2003
Innlegg: 186
U
uzzi Offline OP
Tørr bak øra
OP Offline
Tørr bak øra
U
Registrert: Feb 2003
Innlegg: 186
...eit verkeleg skot i blinde.....er det nokon som er med å prøve Fossestien på Gaularfjellet? Tar uansett turen i morgon (laurdag) og sjekkar ut....

Arne

Re: Sykling i Sunnfjord og Sogn... [Re: uzzi] #306859 15/07/2006 00:18
Registrert: Mar 2004
Innlegg: 1,144
F
Fenris Offline
Ringrev
Offline
Ringrev
F
Registrert: Mar 2004
Innlegg: 1,144
Nesten..

Skal sykle ned frå eit fjell i Jølster i morgon. (Bolsetnipa) Reiser nedover mot Balestrand ++ i slutten av komande veke. (dette dreier seg altså om type utforsykling)
Tek gjerne imot nokon facts om den omtala stien etter at du har sykla den. Lengd? terreng? høgdeprofil? Tørr/våt? Bra/middels/dårleg?

Helsing Pål. (som no må avbryte for å dra ut i natta å køyre rundt på ca 1000kg Bergens Tidene;)


Nordfjord Grovsyklarlaug
Re: Sykling i Sunnfjord og Sogn... [Re: Fenris] #306860 16/07/2006 23:02
Registrert: Feb 2003
Innlegg: 186
U
uzzi Offline OP
Tørr bak øra
OP Offline
Tørr bak øra
U
Registrert: Feb 2003
Innlegg: 186
Vart ein relativt strabasiøs første-tur på Fossestien....

Parkerte nede ved Viksdalen og sykla innover asfaltvegen eit godt stykke. Ny sykkelcomputer gjorde at eg ikkje fekk målt distanse, men eg reknar ca. to mil og 500 høgdemeter. Starta der frå ein støl og fekk sykla ca 1/3 av distansen ned att før eg måtte gje meg pga dårleg tid...

Fossestien med sine ca 22 km sti ser i seg sjølv ut som ein seriøs epic,men den delen eg sykla var desverre prega av litt for mykje serdeles teknisk krevande sti. Likevel kom eg til områder med veldig artig "sauetrakk" aka "singeltrack" og ein del myrer var lett forserbare då det var lagt opp med telefonstolpar og plank i beste "nort shore" stil...artig!

Tar nok turen ein gong til i nær framtid for å sjekke ut resten av stien nedover frå Likholefossen der eg måtte gjere vendereis. Her reknar eg med at den finaste delen er med noko lettare terreng, men det vil nok kreve opplett og fint vær då det kan bli noko sleipt på alt treverket hvis det er for vått.

Konklusjon: Ikkje ta turen i den øvre delen ned til Likholefossen med mindre du er ein sinnsyk teknisk rytter......(eg veit at dåkke finst...) På ei anna side er nok den resterande delen den beste med flest antall høgdemeter å forsere....

PS: Turen var prega av nye pedalar som var vanskelege å løyse og ein computer som berre ville vise høgde over havet.....he, he...noko som resulterte i unormalt mykje kolling og forvirring rundt tilbakelagt distanse..men eg er villig til eit nytt forsøk!

Gje beskjed om du er keen på følge på Gaularfjellet, eller ein annan plass i Sunnfjord for den del...Uzzi'en min e alltid klar!

Arne

Re: Sykling i Sunnfjord og Sogn... [Re: uzzi] #306861 18/07/2006 00:06
Registrert: Mar 2004
Innlegg: 1,144
F
Fenris Offline
Ringrev
Offline
Ringrev
F
Registrert: Mar 2004
Innlegg: 1,144
høyres rett og slett ut som ein ganske normal stitur i S og Fj. Ihvertfall sånn knotmessig.
Dersom veiret vert bra denne veka, (har fri frå torsdag til onsdag), vert det ein del utforsykling i Sogn. Køyrer sikkert om Balestrand heimatt, og det opnar moglegheitane for ein gaulartur. Berre sei ifrå dersom du har nokon lange utforstiar med flyt og fart å by på. (bratt og teknisk er det alltids nok av;)


Nordfjord Grovsyklarlaug

Moderator  support