Eg oppdaga i går, til mi store forskrekking, at halve bolten som held bakdemparen min på plass i den bakre enden er borte.
Den delen av bolten som no står att kan eg dra ut med fingrane, evt. rista ut ved - Gud forby! - å sykla over humpar og denslags. Når resten av bolten ristar ut er bakdemparen laus, og vil bli pressa direkte inn mot bakdekket med ganske stor kraft. Det framstår som suboptimalt å landa etter eit lite hopp utan bakfjøring, og med blokkert og pungtert bakhjul - og det er ikkje bra å vera utan sykkel i helga heller! Kven i Oslo har slike deler på lager, mon tru?
Delene eg snakkar om er nr
27 og 27 på deleoversikta her, viss nokon har tips (eller delene!) så er eg veldig takksam!
God helg!
mvh asm
(930 41 996)