Hei, eg og ein kompis har kjøpt flybillettar til Malaga i vinter. Så no står det att å finna ut kva for stiar som er verdt å sykla. Turen varar ei veke, og det blir nok ein del foto i tillegg til syklinga. Kompisen min har mest lyst til å ta bilete, eg har mest lyst til å sykla

Tanken er å leiga bil og så køyra i retning Ronda (For foto). Eg ser at det er bra sykling i El Chorro, så da blir det kanskje ein dag der. Ellers ser eg føre meg at mesteparten av syklinga blir i sjølve Malaga.
Det er flott om nokon har vore i området og ynskjer å øsa av sin rike kunnskap? Områder, konkrete stiar osv. (Eg har nettopp byrja å lesa meg opp.)