For dei som huskar saka med eit par Deore skivebremser eg aldri mottok tidligare i haust, så kan eg no opplyse at etter litt saksgang i politiet så har den anmeldte selgaren no betalt pengane tilbake.
Selgar har gitt ei forklaring på kva som var årsak til at vi kom opp i denne konflikta, men eg ser det ikkje som opp til meg å vurdere kva som er sannheita her. For meg er denne saka no ferdig og eg har ikkje lenger noke uoppgjort med selgar.
Dersom ledelsen i forumet ønsker å ta opp til vurdering om selgar på nytt kan få tilgang til forumet, får dykk berre ta kontakt, så skal eg oppgi kva eg veit utover dette.
Stor takk til dei som var med å hjalp til med å få løyst saka, og ein takk til politiet som gjorde jobben sin på ein god måte.