14-åringen min har gratiskonto på Zwift, men når vi skulle sykle i dag fekk han ikkje logga inn, "ukjent brukarnamn eller passord". Prøvde så klart å be om nytt passord, men ikkje noko dukka opp - ikkje på eposten hans som han brukar til innlogging eller på min som står som "verge". Etter kvart oppdaga eg at han var borte frå dei eg følger på Companion og, da vart det skikkelig merkelig syns eg.
Fann jo relativt fort ein ganske stor knapp med "klikk her for hjelp om du har trøbbel med ditt barn sin Zwift-konto" når jeg sjekka support (har ikkje sett den der før, og det er jo nesten bekymringsverdig om det er ei kjent utfordring for tida) og sendte ein e-post, men med autosvar om at dei skal høyre frå seg innen 72 timar blir vi jo allerede bekymra for onsdagens NC-ritt... Er det nokon som har opplevd dette før? Vi hadde litt krøll med å få fornya det årlige gratisabonnementet for ei stund sida, men det ordna seg da. Og det einaste som har endra seg sida siste zwifting er at eg som pater familia har sendt inn samtykkeskjema for ein unge til, men eg har ikke funne noko om at ein kun kan ha ein gratis unge pr. husstand - så eg kan ikkje heilt sjå at den handlinga skal kaste ut han største og første frå gamingverden heller.