Vi har fått ein del kuldegrader i Trøndelag no, og då gutungen skulle sykle til skulen oppdaga eg at bosset hadde frose fast. Ved å la sykkelen stå inne ei lita stund løsna det, men etter berre få minutt ute skjedde det på nytt.

Tenkte eg skulle opne opp dette Quanta KT-SN3 baknavet og smøre det, men etter å ha kika litt på det synest eg det ser håplaust ut, og eg tenkjer no heller å kjøpe eit meir standard nav eller hjul. Eg kan tenkje meg at Hambini ville ha uttalt eit og anna ukvemsord ved synet av dette.

Saken er nemleg at når bosset roterer så er det meininga at det skal gli mot ein indre kant som er ein del av navet. Dette går for så vidt greit i romtemperatur, men eit lite innslag av fuktigheit her vil få dette til å fryse fast. Og dersom desse to metalldelane ikkje krympar likt i kulden, så vil det same skje. Eg kan ikkje sjå at eg kan løyse dette ved å smøre. Det er jo ikkje lett å påføre fett i mellom her, og olje vil jo berre vare ei lita stund.

[Linket bilde]


Tor Hovland