Da vart det til at eg handla på Obs bygg. Tenkte å kjøpe ein slik boks med fleire ulike lengder på Europris, men eg tykte ikkje dei var like forseggjort som dei på Obs. På endene blir strikken lagt dobbelt og klemt i hop med ein stålring, men dette var gjort meir kompakt på Obs-stroppen, slik at det meste av "knuten" vart skjult inni fjøra på kroken. På Europris-stroppen var meir av strikken lagt dobbelt, og dette gjorde at "knuten" ikkje fekk plass inni fjøra, men vart liggande utanpå. Dette har kanskje ikkje noko stor praktisk betyding, men det ser no litt amatørmessig ut. Eg var også innom Jula, Biltema og Thansen, men heller ikkje deira stroppar såg ut til å vera like kompakt i endene som den på Obs.