Heisann,
Eg har fått problem med hjullagera på framhjulet mitt, eit Unaas SS-55 LTD. Der er to "maskinlager" som etter det som står på heimesida til Unaas skal være veldig enkle å bytte, men der står dessverre ikkje noko om korleis dette kan gjerast.
Eg har prøvd å få dei ut, men tørr ikkje være for hard før eg veit eg gjer det riktig... Der er umbraco-spor i begge endar av akslingen. Når eg skrur der deler akslingen seg og eg får ut eine enden av denne. Men korleis kome seg vidare og faktisk få ut lagera. Eg har prøvd å skru nemnte aksling-tapp halveis inn igjen og banka på denne med ein plasthammar for å få lageret ut på andre sida, men det rikkar seg ikkje ein mm.
Nokon som veit korleis desse skal takast ut? Må dei tersast ut på eit vis. Spesialverktøy nødvendig?
Tek gladeleg i mot gode tips! Og ikkje sei eg skal sende e-post til Unaas, eller ringe dei.... der er ikkje svar å få nokon plass...