Generelt vert det vel truleg mindre trafikk i sommar grunna frå av den store turistmassen. Dette lovar jo bra.
1. Skjolden - Balestrand
Sykle på sørsida av Sognefjorden som Bamsemums seier. Når du har sykla opp bakkane frå Solvorn føl du Riksveg 55 til Hella.
Urnes Stavkyrkje er verdt eit besøk. På Urnes er det og hjortepark
Syklar du på nordsida av Sognefjorden vil du få med deg Lustrabui bakeri i Luster og Lustrabadet i Gaupne. Smal og svingete veg mellom Skjolden og Gaupne. Alle tunnelar er syklbare.
2./.3. Balestrand -Skei i Jølster
Det er ikkje so mange alternativ frå Balestrand til Vassenden (ved Jølstravatnet). Mindre trafikk på Sørsida av Jølstravatnet til Skei. Då får du og med deg Astruptunet.
4. Skei - Loen
E39 gjennom Våtedalen til Byrkjelo. Deretter over Utvikfjellet og inn Nordfjorden til Loen.
Det er ein del trafikk på E39, men stort sett oversiktlege vegstrekningar.
Camping på Byrkjelo med badebasseng, samt Bakar Jon med bakeri og stort utval i lokalmat.
Skylift og Via ferrata i Loen
Mellom Innvik og Loen kan ein sykle på utsida av dei lengste tunnelane. Kan vere litt trafikk her, men vegen har blitt mykje betre dei siste åra.
5.Loen - Geiranger
Alternativ 1: Loen - Stryn - Videseter - Stryn Sommaski - Grotli - vestover på Riksveg 15 for så å ta av til Geiranger. Her unngår du tre tunnelar som du ikkje kan sykle i. Dalsnibba er vert eit besøk før du trillar ned til Gerianger.
https://www.landevei.no/sykkelturer/den-gamle-vegen-over-strynefjellAlternativ 2.
Loen - Stryn - Flo - grusveg over til Hellesylt og ferge til Geiranger.
https://ut.no/turforslag/119383/flofjellet-overgang-mellom-sunnmre-og-nordfjord