Eg har hatt veldig sansen for Viking Anaconda på grunn av snøringa som går bak hælen og dermed gir veldig god støtte og passform. Men haldbarheita er som kjend ganske dårleg på denne modellen, så eg har slitt ut mitt tredje par nå. Viking har gått vekk frå snøring rundt hælen på den nye versjonen, men eg ser Anaconda IV framleis er tilgjengeleg frå nokre nettbutikkar.
Eg har vore inne på BOA sine nettsider å leita etter alternativ med snøring bak hælen, men det einaste eg fann der var golfsko og løpesko for bane. Men eg trur ikkje alle variantar er lista opp på sida der, så er det nokon som kjenner til andre tursko som også har snøring bak hælen?
Alternativt så må eg jo berre kjøpe nokre gamal-nye Anaconda IV, og tenkje at det er veldig gode sko så lenge det varer...