Eg har bestemt meg for å oppgradere bakdemparen min.
Det er ein RS superdeluxe 185X55 RCT3. Den står på min Cube Stereo 150.
Rammedesignet er ganske lineært, så no har eg tre tokens i for å få den støtta eg vil ha. Og dette fungerer ganske bra! Går ikkje så lett i gjennom, og den svelger stort sett det eg gir den.
Etter å ha oppgradert til Smashpot i gaffelen min i vår, har eg higa etter coil følelsen bak, sjølv om ramme er mindre egna. For støtta eg har framme, tidlig og gjennom vandringa er AMAZING.
Eg kjører dette kanskje litt for stivt, vanligvis brukar eg berre 12-13 cm av 16, og en sjelden gang gjennom heile. Dette gir meg en god og en dårlig følelse. På den eine sida vil eg bruke meir enn av vandringa meir av tida, på den andre sida seier td Steve@vorsprung at ein ikkje skal sjå på o-ringen og heller bruke følelsen av demparen - og denne er så bra som eg nokon gong har hatt.
Tilbake til bakdemparen. Eg har to vegar eg vil/eller kan gå for fobetring. For eg brukar kun decentmode på bakdemparen, sjelden brukar eg pedal og aldri trail. Enten vil eg sende til Vorsprung for tractive oppgradering eller til Avalanche for deira sin SSD/HSB oppgradering i shimstacken. Begge desse alternativa vil gi demparen min ein bedre range i compression og rebound og eg ser for meg at eg vil bruke meir den brytaren og kanskje få ein meir allsidig dempar.
Den andre vegen er å gå coil. Dette vurderer eg sjølv om ramma er mindre egna for det. Dette vil eg for eg likar/elskar følelsen gaffelen min har fått, og å få den støtta bak vil eg gjerne ha. Dog må eg enten gå for ein Storia LOK V3 eller lignande og gå konkurs, eller ein Marzocchi bomber CR med ei progressive fjør. Det siste alternativet er nok det mest aktuelle, men eg er ganske open endå. Kanskje til og med Bomber med ei vanleg stålfjør, litt stivare enn om eg skulle gå for MRP progressiv, for å teste ut først. Det er jo tross alt 100dollars forskjell på desse fjørene.
Erfaringa mi med ei eigentleg for litt stiv fjør framme er ganske god. Og med en ratioa på 1:1 er eg overraska over kor godt demparen fungerer uten å gå heilt gjennom. Det er dette som får meg til å tenke på å sette coil bak sjølv på eit lineært system (skjønar at det er meir vekt på bakdelen av sykkelen enn gjennom henda, men der er også systemet meir progressivt, enn då om det ikkje så mykje som andre oppheng). Dog med litt mindre sag enn ved luft. Er sikkert på ca 15% sag framme, og det føles veldig bra ut. Får ikkje armpump av dette, sjølv på lengre nedkjøringar. Trur eg kan akseptere 25% sag bak for å få coil bak.
Det meste av syklinga mi er på Sunnmørske stiar med mykje røter og steinar. Ikkje så mykje superraske stiar.
RS MegNeg kan også vere eit alternativ, men eg er usikker på om eg får plass. Dette er forøvrig det rimeligaste alternativet. Nokon som har prøvd dette?