Har aldri sykla i Drammen, men har hatt lyst til å dra dit ein stund. Trur mengdetrening nedover er det som skal til få litt meir taket på stisykling. Tenkte på det seinast i natt, så då var det litt rart å opne mailen sin i dag tidlig og finne ut at no har eg sommar-sesongkort i Drammen!
Har hatt vintersesongkort i Tryvann i mange år, lenge før det vart billig. Etter første sesong med sesongkort lovte eg meg sjølv at eg aldri meir skal vere uten sesongkort igjen. Ihverfall så lenge eg har kropp til å stå på ski. Det er veldig avhengighetsskapande å kunne komme og gå som ein vil uten å tenke på at det kostar pengar pr gang. Så drugdealer-taktikk med introduksjonstilbud kan vere ein bra forretningsstrategi...
Men det beste med dette tilbudet er at det er familiepakke med klatrepark og sommarheis for resten av familien også. Drømmer om å fylle bilen med heile familien til våren, sende resten i klatrepark eller på tur frå toppen av heisen, medan eg har egentid i sykkelheisen

Er lov til å drømme....