Rockshox lyrik, monarch og reverb-service
|
Rockshox lyrik, monarch og reverb-service
#2577895
06/10/2019 21:45
|
Registrert: Aug 2017
Innlegg: 83
Kortbeint
OP
Medlem
|
OP
Medlem
Registrert: Aug 2017
Innlegg: 83 |
Årets første forsøk på stisykling på snø i haustferien endte med knall og fall og knekte ribbein. Så no blir det nok ein periode uten stisykling til kroppen følest litt betre. Tenker at dette må utnyttast til å få gjort ting som eg burde gjort for lenge sidan, som å ta første service på dempar og gaffel. Har tenkt å prøve sjølv, men mindre nokon overtalar meg til at det er dårlig plan.
Sykkelen er min første stisykkel. Den har rulla 1800 km, og vil tru det tilsvarer omtrent 200-250 timar. Anbefalt serviceintervall for gaffel og dempar er 50 timar og 200 timar med forskjellig mengde av delar som skal byttast. Like greit å gå rett på 200 timers service?
Reverb-setepinnen er eg litt mer usikker på. Den har fungert relativt upåklagelig til no, så kanskje eg bør la den fortsette til det eventuelt blir trøbbel. Eller bør eg ta service likevel for å hindre at delar som ikkje er slitedelar blir utslitt pga oppsamla skit?
Først blir det ein del innkjøp. Tips til skrustikke som ikkje er større enn som trengs? Ser det er brukt ein del spesialverktøy i dei offisielle rockshox videoane, er det mykje ein kan klare seg uten med litt kløkt?
|
|
|
Re: Rockshox lyrik, monarch og reverb-service
[Re: Kortbeint]
#2577933
07/10/2019 07:19
|
Registrert: Apr 2007
Innlegg: 33,748
baronKanon
Valgets kvaler
|
Valgets kvaler
Registrert: Apr 2007
Innlegg: 33,748 |
Hei
Rerverben kan du fint ta en smøreservice på. Det gjør at den holder lenger. En oljebytteservice er nok best å vente til når du må. Til sistnevnte trenger du IFP-høydeverktøy, som jeg synes er gnske kjekt, selv om man kan mekke til noe. Ellers er skruestikke uunnværlig. Skaff deg da skikkelige bakker til stikka.
Gaffel er relativt enkel å kjøre smøreservice på. Du burde nok også tatt full service av demperenheten, siden du bryter ned demperoljen etter hvert. Samme med bakdemper. Du trenger nippel for å pumpe luft inn i IFP-kammeret på bakdemperen, samt at det kanskje er en god idé å bytte foringer, så det trneger du også verktøy for.
Med det samme du har ramma fra hverandre, er det nok også lurt å sjekke tilstanden til rammelagrene. Disse kan ha begynt å bli dårlige. Hvis de er fine, kan det være lurt å pelle opp pakningen og pakke med friskt fett for forlenget levetid.
Redigert av baronKanon; 07/10/2019 07:24. Rediger grunn: ble ikke ferdig, gitt
|
|
|
Re: Rockshox lyrik, monarch og reverb-service
[Re: Kortbeint]
#2637984
14/11/2020 10:35
|
Registrert: Aug 2017
Innlegg: 83
Kortbeint
OP
Medlem
|
OP
Medlem
Registrert: Aug 2017
Innlegg: 83 |
Takk for råd.  Årets første forsøk på stisykling på snø i haustferien endte med knall og fall og knekte ribbein. Så no blir det nok ein periode uten stisykling til kroppen følest litt betre. Tenker at dette må utnyttast til å få gjort ting som eg burde gjort for lenge sidan, som å ta første service på dempar og gaffel.
Tja, kroppen vart betre i løpet av nokre veker. Haust vart til vinter, skisesongen starta tidlig og alt av vedlikehold satt på vent. Men var så heldig å gå på snørra igjen på nytt, denne gongen med brudd i kragebein og skulderblad. Så nye skader og nye muligheiter til å få gjort litt vedlikehold ;-) Starta med 200timers service på gaffel. Bytta samtidig frå soloair til debonair C1 og la til 10 mm vandring for å få sykkelen litt slakkare. "Dust viper seal" satt veldig godt fast og gjekk av i bitar. Skjønte at eg burde ha verktøy for å presse inn nye uten å øydelegge dei, og måtte bestille verktøy frå bike-components.de. Dei nye gjekk overaskande lett inn, så hadde kanskje godt bra uten. Fekk bytta olje i og lufta demperenhet i gaffel. Alt gjekk bra til at gaffelen skulle settast sammen igjen. I steget der kompresjonsjustering skal skruast heilt igjen skrudde eg feil veg (eller skrudde det forbi det punktet der eg burde stoppe?) med det resultat at gummiblæra til demparen løsna frå resten. Så luft i det nylufta systemet igjen og ein laus del på ein del av systemet som ikkje skal takast frå kvarandere i følge manualen. Etter ein runde med google fant eg instruksjonar for å sette det sammen igjen i ein tidligare versjon av manualen, frå den tida då blærebytte var ein del av 200timer service. Så måtte eg lufte dempar på nytt og fekk satt det sammen riktig med stort fokus på å ikkje kløne det til og følge manualen steg-for-steg... Etter ein liten motivasjonpause var det til med bakdempar med 200 timers service der også. Som på gaffelen mykje pakningar som skulle byttast. Såg stortsett ikkje slitt ut, men er vel nok at ei pakning lek for at heile skiten lek, så bytta alt alikevel og tok vare på dei gamle. Gjekk bra til stempelet på enden av demparskaftet skulle av. For å få til dette må ein holde fast demparskaftet i skrustikke. Tenkte eg skulle greie dette med mine overprisa primsebakkar i alu. Dette er eit hult rør som absolutt ikkje bør bøyast ovalt og ein overflate som o-ringen til luftstempelet skal gli langs og som absolutt ikkje må stripast opp. Prøvde med avfetting og polstring med bit frå sykkelslange i prismebakke. Turde ikkje klemme hardt nok og endte i eit uoppmerskomt øyeblikk med å skru demparskaftet av frå resten i andre enden, istadenfor å skru stempelet av frå demparskaftet. Så nok ein del som gjekk frå kvarandre som ikkje skulle demonterast... Avfetta gjengane, satte det på igjen med litt locktite, ga opp prismebakke/sykkelslange-hacken og bestillte ordentlige skrustikkebakkar tilpassa runde rør i rett dimensjon. Så på nytt vente på levering frå nettbutikk. Men med ordentlige bakkar turde eg å klemme til nok og fekk av hodet som satt skikkelig god fast. Resten med IFP-service og lufting gjekk som ein leik med god beskrivelse i manual som var enkel å følge. Alt gjekk bra til eg skulle sette bakdemparen tilbake på sykkelen igjen. Satte nokre bushings i feil rekkefølge i H-linken, og når eg i lett frustrasjon skulle presse det tilbake for å få det frå kvarandere igjen, så klemde eg i stykker ein proprietær "plastikk-hatt".. Ganske dårlig stemning i mekkeboden idet eg skjønte at eg hadde ødelagt ein del som kanskje ikkje er så lett å få tak i, på ein sykkel som gjekk ut av produksjon for nokre år tilbake. Så veldig god steming igjen når Canyon Norge svarte på mail etter nokre få timar og dagen etter var det melding får Tyskland om at nye deler til den nette sum av 20 kr var på veg i posten. Upåklagelig service der altså ;-) Mekka eit presseverktøy til nye bushings av ein M10 bolt og skiver og mutter, og det fungerte bra for å få det på plass. Fornøgd med resultatet. Den hakkete følelsen i gaffelen er borte og det kjem ikkje lenger surklelydar frå bakdempar, Men alt-i-alt eit ganske spesialverktøy- og tolmodighetkrevande prosjekt spesielt hvis ein har ein tendens til å rote til ting. Bra det er 50 timar til neste gong ;-) Setepinne og rammelager får vente til eg har bygd opp litt mekkeork... No synest eg at eg fortjener litt barfrost, og det ganske snart ;-)
Redigert av Kortbeint; 14/11/2020 10:44.
|
|
|
Re: Rockshox lyrik, monarch og reverb-service
[Re: Kortbeint]
#2638076
15/11/2020 14:46
|
Registrert: Feb 2019
Innlegg: 1,826
Ndreas
Ivrig
|
Ivrig
Registrert: Feb 2019
Innlegg: 1,826 |
Og bedre flaks i løypene, to fall med brudd på noen måneder er vel over snittet uheldig håper jeg! Takk for writeup, alltid godt å høre andres erfaringer fra arbeid og forhåpentligvis lære av andres feil 
|
|
|
Re: Rockshox lyrik, monarch og reverb-service
[Re: Ndreas]
#2638276
16/11/2020 21:38
|
Registrert: Aug 2017
Innlegg: 83
Kortbeint
OP
Medlem
|
OP
Medlem
Registrert: Aug 2017
Innlegg: 83 |
Og bedre flaks i løypene, to fall med brudd på noen måneder er vel over snittet uheldig håper jeg!
Var heldigvis forrige haustferie og dermed nesten eit år mellom dei to. Men har 3 uhell med brudd i løpet av 250 timar med sykling, og det er uansett vel noko i overkant... I forhold til statistikk på utforsyklistar i alpane har eg 15X så stor skadefrekvens pr time (*). Og sidan eg stort sett syklar opp istadenfor å ta heis, så blir det vel ~60X så ille pr nedoverhøgdemeter... Satsar på at det blir mindre kløning etterkvart både på sykkelsete og i mekkeboda ;-) (*)https://pubmed.ncbi.nlm.nih.gov/23329619/
|
|
|
Re: Rockshox lyrik, monarch og reverb-service
[Re: Kortbeint]
#2638326
17/11/2020 08:47
|
Registrert: Feb 2019
Innlegg: 1,826
Ndreas
Ivrig
|
Ivrig
Registrert: Feb 2019
Innlegg: 1,826 |
Ja vi må vel kunne si at den frekvensen er litt i overkant uansett  Tusen takk for lenken, jeg kommer fra klatring og har alltid brukt https://ulykkesdatabasen.no/rapport til å passe på at selvtilliten ikke overgår ferdighetene med alt for stor faktor. Har nylig begynt å kjenne litt på et ønske om noe lignende for stisykling, men innså raskt en del begrensninger ifht klatring.
|
|
|
Re: Rockshox lyrik, monarch og reverb-service
[Re: Ndreas]
#2639012
20/11/2020 18:18
|
Registrert: Aug 2017
Innlegg: 83
Kortbeint
OP
Medlem
|
OP
Medlem
Registrert: Aug 2017
Innlegg: 83 |
Setepinne og rammelager får vente til eg har bygd opp litt mekkeork...
No synest eg at eg fortjener litt barfrost, og det ganske snart ;-)
Tja, det ordna seg med barfrost. Men planen om å vente med setepinnen gjekk ikkje så bra. Den likar tydeligvis ikkje minusgrader og etter eit par gongar opp og ned holdt den seg nede resten av turen. Var hardt å stå og tråkke i 1,5 time.... For pumpe den opp igjen til 250 psi og prøve meg på min første reverb-bleed. Utført ute i kulda i tilfelle det har ekstra effekt. Ja vi må vel kunne si at den frekvensen er litt i overkant uansett  Tusen takk for lenken, jeg kommer fra klatring og har alltid brukt https://ulykkesdatabasen.no/rapport til å passe på at selvtilliten ikke overgår ferdighetene med alt for stor faktor. Har nylig begynt å kjenne litt på et ønske om noe lignende for stisykling, men innså raskt en del begrensninger ifht klatring. Ja, den ulykkesrapporteringa for klatring er ganske snedig. Snøskred ulykkesrapportane er også bra. Fint å kunne lære av andre sine feil, og interessant å sjå fordeling av sløvefeil vs folk som prøver seg på utfordringar dei sannsynligvis burde venta med... For min del har ikkje uhella hendt medan eg har prøvd å sykle fort eller prøvd på noko vanskelig, meir litt uoppmerksom, pang i bakken og så var det gjort... For visuell uhellrapport på sykkel, sjekk pinkbike sine Friday Fails på youtube. Uhellsrapportering frå heile verden oppdatert kvar veke. Niåringen min har i over eit år insistert på å sjå siste nye video ved leggetid kvar fredag. Skadefryd er den reinaste formen for glede. Men no tør ho ikkje å sykle lenger ;-)
|
|
|
Re: Rockshox lyrik, monarch og reverb-service
[Re: Kortbeint]
#2639049
21/11/2020 08:35
|
Registrert: Feb 2019
Innlegg: 1,826
Ndreas
Ivrig
|
Ivrig
Registrert: Feb 2019
Innlegg: 1,826 |
|
|
|
Re: Rockshox lyrik, monarch og reverb-service
[Re: Kortbeint]
#2639401
23/11/2020 20:40
|
Registrert: Aug 2017
Innlegg: 83
Kortbeint
OP
Medlem
|
OP
Medlem
Registrert: Aug 2017
Innlegg: 83 |
Tok like greit min første 50 timers service på reverben når eg først måtte skru. Denne gongen gjekk alt ganske lett og uten drama;-) Vanskeligaste punktet var å skru av låseringen på "poppet valve housing". Manualen anbefalte å sette mutterdelen fast i skrustikke med alubakkar. Synest eg dro hardt til, men endte med å lage hakk i alubakkane før eg fekk den av. Kan ikkje skjøne anna enn at den satt vesentlig hardare enn dei anbefalte 5,7-7,9 Nm... Så blir vel lettare neste gong. ![[Linket bilde]](https://www.terrengsykkelforumet.no/ubbthreads.php?ubb=download&Number=118672&filename=DSC_0091_reverb.jpg) Ellers ein trivelig form for service som var lett å utføre. Vaske bort skittent fett og legge på med rikelig nytt. Ingen pakningar som skulle byttast. Avslutta med å lufte fjernkontrollkretsen og der var det både skitten olje og luft. Gjorde det ute i kulda med kald olje i tilfelle oljen trekk seg sammen. Naboane lurer vel litt når ein driv å mekkar sykkel ute i mørket rundt midnatt ;-) Resultatet vart bra, pinnen går no kjapt opp og ned sjølv i minusgrader. Skuldra derimot tåler ikkje røff sykling eller bunny hop eit halvt år etter kræsj, og er kjip og vond. Må nok ta opptrening litt meir seriøst.
|
|
|
|
|