På park(ing) day 20 september så skal me lage eit arrangement der planen er å avslutte med utekino. Eg har vore i kontakt med firmaet
Electric Pedals i London, som kan leige oss sykkelgenrator og utstyr for å drifte utekino. Men dersom me skal leige frå dei så ønskjer dei at me skal arrangere forsendinga sjølve. Dette er gjennom frivillig arbeid i ein organisasjon, så eg har ikkje kjennskap i heile teke til spedisjon. Eg er difor usikker på korleis det er best å gå fram. Er det til dømes store prisforskjellar mellom de ulike firma? Frakta skal gå frå London til Bergen, og så med retur til London etterpå. Er det best å kontakte engelske firma for frakta opp, og eit anna firma for retur? Eller er det betre å løyse det som ei tur-retur oppgåve med eit firma? Storleiken på kolli er ikkje heilt avgjort, men eg vil tru det er omlag ei europalle.