Hei!

Sykkel: Canyon Strive CF 8.0 2015 Race.

Skal erstatte ein slitt GX derrailleur og vurderar NX derrailleur. Les gode ord om den, og har ikkje noko imot å spare nokre kroner.

Ser begge er merka med X-Actuation kompatibilitet. Vil det gå fint? Treng dykk meir info? Er usikker på kva skifter og kassett eg har.. Begge deler er sram, men der står ikkje modellnamn på dei. Einaste eg ser på kassetten er at den er for å bruke på dette XD systemet Sram har, då kan en vell anta det ikkje er NX.

Still spørsmål om dykk treng meir info frå meg.

Takk på forhånd.

Mvh,
Stisyklaren.


Redigert av Stisyklaren; 25/08/2019 18:49.